Statsministeren døypte nye «Dr. Fridtjof Nansen»

Havforskingsdirektør Sissel Rogne (t.v) saman med generaldirektøren for FAO, Jose Graziano da Silva, statsminister og gudmor Erna Solberg og m.a.fiskeriministrane frå Ghana og Namibia. Foto: Robert Eik / Havforskningsinstituttet

– Like etter klokka 12 på fredag, døypte statsminister Erna Solberg det toppmoderne forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen». Skipet går inn i Nansenprogrammet, som i meir enn 40 år har bidrege til havforsking og berekraftig fiskeriforvalting for land i Afrika og Asia, det skriv Havforskningen på si heimeside.

Foto: Robert Eik/ Havforskningsinstituttet
Foto: Robert Eik/ Havforskningsinstituttet

Havforskningsdirektør Sissel Rogne, generaldirektøren for FAO, Jose Graziano da Silva og fiskeriministrar og forskningsdirektørar frå land i Nansenprogrammet var blant dei som deltok på Akershus kai.

I vinter besøkte Skipsrevyen fartøyet da det lå ved Nykirkekaien, i Berge som er skipets hjemmehavn. Les meir om fartøyet her.

Havforskningsdirektør Sissel Rogne fortel om «Dr. Fridtjof Nansen» på dåpsdagen.

 

Video: Robert Eik/Havforskningsinstituttet

DEL