Rolls-Royce opnar nytt maritimt opplæringssenter i Brasil

Rolls-Royce har i dag opna eit nytt opplæringssenter for sjøfolk i Brasil. Dette skjer for å imøtekome opplæringsbehovet til kundar som opererar offshorefartøy på store havdjupner i utanfor kysten av Brasil.

Det nye senteret er lokalisert i det allereie eksisterande servicesenteret til Rolls-Royce Marine i Niteroi, rett utanfor Rio de Janeiro. Senteret vil tilby ei rekkje opplæringsprogram, fyrst og fremst med tanke på handsaming av vinsjar og operasjonar for krev bruk av dynamisk posisjonering (DP).

– Tilbodet om opplæring til kundane våre i Brasil er viktig for å sikre deira evne til å utnytte utstyret og systema ombord i dei høgteknologiske fartøya best mogleg, fortel Paulo Rolim, landsjef for Rolls-Royce Marine i Brasil.

– For å utnytte moglegheitene dei nyaste fartøya optimalt, krevjast det mange timars operasjonell trening. At vi no kan tilby opplæring i eit kontrollert og effektivt opplæringssenter, bidreg til å sikre at mannskapet er betre forberedt på å møte utfordingane dei møtar på havet, der vêrforholda ofte er utfordrande, fortel Paulo Rolim.

Maritim opplæring leias frå Norge

Opplæringskonsept, kursmateriell og utstyr er basert på det ein i dag brukar på Rolls-Royce sitt opplæringssenter for Europa, som er ligg i Ålesund i Norge. Her ligg også leiinga av all Maritim opplæring til selskapet. Simulatorkursa og simulatorane har blitt utvikla i samarbeid med Offshore Simulator Centre (OSC), som også held til i Ålesund.

Kursa i Brasil vil innehalde ein miks av klasseromsundervisning, operasjonell øving i simulatorar og vedlikehaldsopplæring. Ein brusimulator med to operatørstolar gir moglegheit for trening i team, der ein kan planlegge eit variert utval av scenario for å teste alle ferdigheitsnivå. Senteret har også fått ein demonstrasjonsvinsj i full størrelse i verkstaden.

I tillegg inneheld senteret to simulatordomer med 180-graders horisontar for vinsjopplæring, som er designa for å la mannskap finpusse sine ferdigheiter i realistiske omgjevnadar. Ein liknande dome husar ein kransimulator. Alle domane gir naturtru attgjeving av vinsj- og kranhandtering ombord på offshorefartøy.

Øvingar som inkluderer vedlikehald og feilsøking av system, er ein viktig del av kursa. Instruktørar kan drive opplæring i funksjonane til dei ulike komponentane i Rolls-Royce sine system, samt simulere feil og problem, som skal gi operasjonelle erfaringar i diagnostisering og løysing av problem.

Høg interesse

Med senteret i Brasil, har Rolls-Royce no opplæringssentre fire plasser i verda: Ålesund, Singapore, Indianapolis og Brasil. Senteret i Ålesund ble offisielt opna i 2012, og er det største av dei fire. I 2013 held dette senteret kurs for 1500 sjøfolk, i tillegg til mange omvisningar av skulelever, studentar, politikare og andre interesserte.