Rolls-Royce med kontrakt på fire offshorefartøy til Tidewater

UT 755 CDL
Rolls-Royce har inngått kontrakt med Tidewater om levering av design og utstyr til fire plattformforsyningsfartøy som skal operere på store havdjup. Ordren frå Tidewater er verdt over 200 millionar kroner for Rolls-Royce.

Tidewater er med sin flåte på rundt 400 fartøy verdas største leverandør av tenester til den globale olje – og gassindustrien.

– Vi er stolte over å kunne fortsette det gode samarbeidet vi har med Tidewater. Deira val av fartøy med Rolls-Royce design og utstyr viser at dei stoler på vår evne til å møte deira spesielle behov knytta til olje- og gassaktivitet på store havdjup, seier Per Kristian Furø, salssjef i Rolls-Royce si avdeling for Ship Technology Offshore.

Framdriftssystemet som vert brukt på Rolls-Royce design UT 755 CDL, inkluderer Rolls-Royce Azipull thrusterar med trekkande propellar for auka effektivitet. Dette er første gong denne typen propellar er valt for denne bestemte typen fartøy.
Rolls-Royce skal også levere power electric system, dynamisk posisjonering DP2, automasjons- og kontrollsystem, dekksmaskineri og generatorer.

Fartøya skal ha dieselelektriske framdriftssystem som oppfyller krava til Clean- Design standardane. Ein har i utviklingsarbeidet lagt stor vekt på at mannskapet skal ha det komfortabelt ombord. Eitt av måla har vore å redusere støy og vibrasjon ombord til eit minimum.

Fartøya skal byggjast ved Drydocks World Shipyard i Indonesia, og etter planen skal dei leverast i 2012. I tillegg er der opsjonar på fire fartøy til av same type.

– Vi er svært glade for å kunngjere at desse robuste fartøya no skal byggjast. Dei vil vere med på å styrke flåten vår slik at vi kan tilby kundane det siste innan offshoreteknologi. Fartøya kan operere i krevjande miljø over heile verda, seier Jeff Platt, Chief Operations Officer i Tidewater Inc.

Meir enn 650 UT-fartøy designa av Rolls-Royce er leverte eller er i produksjon rundt om i verda.