Rolls-Royce har inngått kontrakter for 750 millionar kroner

Rolls-Royce design type UT 712 CD
Rolls-Royce har i løpet av dei siste vekene inngått kontrakter verdt 750 millionar kroner for levering av design og utstyr til fem offshore- og spesialfartøy. I tillegg er der opsjonar på fleire fartøy i kontraktene.

Selskapet har inngått kontrakt med det italienske verftet Rosetti Marino Spa om levering av design og integrert utstyrspakke til eit ankerhandteringsfartøy av Rolls-Royce design type UT 712 CD. Rolls-Royce leverer i tillegg til design også framdriftssystem, ror, dekksmaskineri, thrusterar og automasjon og kontrollsystem. Fartøyet skal byggast for Augusta Offshore Spa i Napoli, Italia, og skal leverast i tredje kvartal 2012. Kontrakta inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.

– Denne ordren er ei gledeleg stadfesting av det lange og gode forholdet vi har med denne kunden, og vi er svært glade for at Augusta Offshore igjen vel teknologi frå Rolls-Royce når dei investerer i nybygg, seier Jørn Heltne, direktør i Rolls-Royce si designavdeling.

I tillegg har selskapet inngått kontrakt om levering av tre fartøy av Rolls-Royce design type UT 515 CD, med levering av første fartøy i 2011. Desse fartøya skal utføre rednings- og taueoperasjonar, inkludert brannsløkking og oljevernberedskap. Fartøya blir 86 meter lange, og blir levert med fullintegrert systemløysing inkludert motor, propellar, ror, dekksmaskineri, automasjon og kontrollsystem og dynamisk posisjonering. Eit omfattande opplæringsprogram er også inkludert i kontrakta. Dette skal gjennomførast ved det nye Rolls-Royce opplæringssenteret som opnar i Ålesund neste år.

Ei anna kontrakt gjeld levering av design og integrert utstyrspakke til eit fartøy av UT 755 L3X design som skal byggast ved det russiske verftet Caspian Energy Projects LLC. Kontrakta inneheld også ein opsjon for enda eit fartøy.

UT 755-serien frå Rolls-Royce er verdas mest populære design for supplyfartøy, og over 160 fartøy er i ordre eller i operasjon. Den første vart sjøsett i 1996.

DEL