Hjem Artikler 3-2008 Offshore Remøy byggjer Ulstein-design

Remøy byggjer Ulstein-design

Remøy Shipping har signert kontrakt med Ulstein Verft om bygging av to miljøvenlege plattform forsyningsfartøy (PSV) av typen ULSTEIN PX105 designa av Ulstein Design, og med ei rekkje framtidsretta produkt og system frå Ulstein Elektro. Fartøya er allereie tinga for langtidsoppdrag av StatoilHydro.

– Vi synest det er svært hyggeleg at enno eit lokalt reiarlag kjem til Ulsteinkonsernet for å få designa og bygd skip, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet, og legg til: – ULSTEIN PX105 har blitt ein suksessdesign for Ulstein. Fartøy med ULSTEIN X-BOW har vist seg å vere drivstoffsparande og ein kan mellom anna halde høgare hastigheit i grov sjø.
Fartøya skal leverast februar og mai 2011.

Valet fall på Ulstein Verft
StatoilHydro kunngjorde tidlegare i år at Remøy Shipping er tildelt ein åtteårs kontrakt med opsjonar på 4 x 1 år, på to PSV-fartøy med design og utstyrspakkar frå Ulstein Design. Forhandlingane om byggeverft var ikkje klare ved kontraktsinngåing mellom Remøy og StatoilHydro, men Remøy Shipping sette lit til lokale krefter for å få skipa klare til kontrakten med StatoilHydro:
– Vi hadde alternative verft i India, Kina, Singapore og Spania i kikkerten då Ulstein Verft kom på banen. Valet fall på Ulstein ut i frå ei totalvurdering og vi har stor tru på at Ulstein Verft klarer å halde leveringstida. Vi har langsiktige eigarar og drivarar som har fokus på å investere i den beste kvalitet, seier adm.dir. Per Gunnar Jarnes i Remøy Shipping.
– Vi har brei erfaring med bygging av denne type fartøy, og vi har dyktige medarbeidarar som vi er trygge på vil strekke seg langt for å levere gode produkt til rett tid. Ved å velje Ulstein Verft vil Remøy Shipping få svært gode skip som dei vil ha glede av i lang tid framover, seier adm.dir. Karsten Sævik i Ulstein Verft.

476_2_559123705.jpg
– Vi har brei erfaring med bygging av denne type fartøy, seier adm.dir. Karsten Sævik ved Ulstein Verft.
Arkivfoto:Ulstein Verft

Ny versjon av Ulstein PX105
Mykje av innhaldet i den nyutvikla ULSTEIN PX105-designen er gitt av kravspesifikasjonar frå StatoilHydro (Statoil).
– Vi hadde lyst til å samarbeide med Ulstein Design om å få i land denne kontrakten. Skipa med ULSTEIN X-BOW representerer noko nytt og spennande, og saman utvikla vi eit design som tilfredsstilte krava til StatoilHydro, fortel Jarnes.
– Fartøya vert utrusta med Mecmar sitt eksossystem, som slepp ut eksosen i skutesida rett over vasskorpa. Ved å fjerne eksoskanalane vert det frigjort areal i innreiinga, og på brua vil det gi tilnærma 360 graders fri sikt, fortel designsjef Håvard Stave ved Ulstein Design og held fram: – Skipa vert også utstyrt med det nyutvikla CargoMaxx tanksystemet. Dette er eit avansert tanksystem som mellom anna kan laste borekaks, tørrbulk, mud, brine og drivstoff. I tillegg er systemet førebudd for oljevern og oljeoppsamling (ORO).
ULSTEIN PX105-designen er 88,8 meter lang og har ei breidde på 19 meter, og får ein total ytelse på 7600 eKW. DP II-fartøya er også klassifiserte som Standby Rescue for 250 personar og er innreidde for eit mannskap på 24 personar.
Skipa får Ulstein Accomodation Standard, og avansert teknologi frå Ulstein Elektro, som ULSTEIN IAS, det nye IP-baserte ULSTEIN COM-systemet og ULSTEIN NAV.

Remøy Shipping
Remøy Shipping har i dag ein flåte på seks fartøy innanfor kystvakt, seismikk og offshore. Remøy Shipping har hatt Statoil og seinare StatoilHydro som kunde i 12 år, og Jarnes trur både det lange samarbeidet og valet av Ulsteindesign ligg til grunn for at StaoilHydro satsar på reiarlaget igjen. – Kontrakten med Statoil Hydro gir Remøy Shipping høve til å styrke satsinga si innan offshore. I tillegg får vi skip med lang levetid, for vi veit at vi får ikkje betre kvalitet enn det Ulstein leverer, seier han til slutt.

LIGNENDE ARTIKLER

av -
Offshore konstruksjonsfartøyet “Polar Onyx” ble levert 4. mars fra Ulstein Verft til GC Rieber Shipping, som det nyeste tilskuddet til rederiets økende investeringer i...