PaxOcean bestiller meir Rolls-Royce design

UT 755 CD
Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av design og utstyr til to UT 755 CD plattform supply fartøy til det Singapore-baserte offshoreselskapet PaxOcean. Kontrakten har ein verdi på om lag NOK 90 millionar for Rolls-Royce.

I tillegg til design skal Rolls-Royce også levere ein fullt integrert utstyrspakke inkludert diesel elektrisk framdriftssystem, dekksmaskineri og automasjonssystem. Fartøya skal byggast ved PaxOcean Engineering sitt verft i Zhuhai i Kina, og er planlagt leverte i første halvdel av 2013.

– Vi er glade for å kunne fortsette vårt gode samarbeid med PaxOcean Engineering, og med dette auke flåten deira av UT 755 fartøy. Desse nye fartøya er like dei to Rolls-Royce fartøya dei alt har under bygging ved verftet sitt i Kina, og det at dei vel oss nok ein gong tek vi som eit signal på at vi klarer å møte behova deira knytta til olje- og gassaktivitet verda over, seier salssjef i Rolls-Royce, Ronny Pål Kvalsvik.

UT 755 CD er ei vidareutvikling av den populære UT 755 serien, og oppfyller DNV sine krav til Clean Design, og er utstyrt både for brannsløkking og oppsamling av olje. Sidan det første UT 755 fartøyet vart levert i 1996, har meir enn 180 fartøy av denne typen kome i operasjon, eller i bestilling, verda over.

– Det er med stor glede vi kunngjer utvidinga av serien vår av UT 755 CD fartøy. Dette er eit ledd i vår kontinuerlige innsats i å tilby kundane våre det siste av teknologi innan offshore service fartøy for det krevjande globale olje- og gassmarkedet, seier YK Tang, Director Group Marketing, PaxOcean Engineering.

Fartøya har ei lengde på 78,7 meter og ei breidde på 16 meter, med eit dekksareal på 670m2.