Dette kommer frem i ei pressemelding.

- Løysinga er enkel og fører ikkje til ekstra byråkrati. Eit fast sekretariat vil gje kontinuitet i oppfølginga av Maritim 21. Plasseringa i Norges forskningsråd vil sikre god kontakt med det maritime forskingsmiljøet, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Sekretariatet skal rapportere til MARUT sitt Strategiske råd og arbeidsutvalet. Sekretariatet skal bli evaluert etter 2 år.

Strategien «Maritim 21» blei lagt fram hausten 2016, og inneheld ei rekke anbefalte tiltak. Digitalisering av maritim næring, samarbeid på tvers av havnæringane og klima- og miljøvennleg maritim verksemd er blant dei viktigaste områda.