Hovedside | Nyhetsarkiv | Eastern Echo går for Ulstein-design

Eastern Echo går for Ulstein-design

Eastern Echo går for Ulstein-design

Orskov Yard

Ulstein Design AS har signert kontrakt med Eastern Echo om levering av ytterlegare to design av typen ULSTEIN SX124 med utstyrspakkar. Dette er femte og sjette seismikkfartøya Eastern Echo kontraherer - alle av type ULSTEIN SX124. Dei to siste fartøya skal byggast ved Drydocks World i Dubai.

Av
Bokstavstørrelse: Decrease font Enlarge font
– Det er svært gledeleg å få ytterlegare ein kontrakt på same designen med Eastern Echo. Det er mange som fortener ein honnør i denne prosessen. Både reiarlag, byggeverft og organisasjonen vår har samarbeidd for å løyse utfordringar for å få på plass kontrakten, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.

– Vi hadde ikkje vore i stand til å kunne levere underlag til desse skipa om det ikkje var for det gode arbeidet Ulstein Verft har lagt ned på dei fire første prosjekta. Utan hjelp frå engineeringsmiljøet der ville vi ikkje hatt moglegheit til å ta på oss desse prosjekta på så kort tid, seier salssjef Lars Ståle Skoge i Ulstein Design.

Som sine fire søsterskip vil også desse skipa kunne operere verda rundt og blir utstyrte for 3D-seismikk og inntil tolv streamervinsjar.
Målet til reiarlaget har vore å få bygd seks identiske fartøy av typen ULSTEIN SX124. Dette for å spare kostnadar på vedlikehald men også i forhold til operasjonsomsyn, fortel Skoge.

Eastern Echo var tidleg ute med å sjå verdien av ULSTEIN X-BOW® på seismikkfartøy. ULSTEIN X-BOW® sine mjuke rørsler i litt tyngre sjø gjer at skip med denne baugen er spesielt veleigna til seismikkoperasjonar. Baugen er også med på å redusere drivstofforbruket, og slepp dermed ut mindre forureining. ULSTEIN SX124 er 88,8 meter langt, 19 meter breitt og innreidd for 69 personar.

Skipa skal etter planen leverast i mars og mai 2009. Dei fire første fartøya er under bygging i Spania og skal leverast i 2008 og 2009.




  • Send artikkelen til en venn Send artikkelen til en venn
  • Utskiftsvennlig versjon Utskiftsvennlig versjon
  • Vis artikkel som ren tekst Vis artikkel som ren tekst

Motta vårt nyhetsbrev












SaveOurSeafarers






Skipsfartsnæringens mest komplette leverandøroversikt.

Bestill SKIPSREVYEN her

Powered by Vivvo CMS v4.6