UT 755 XL. Illustr.: Rolls-Royce

Nye ordrar for Rolls-Royce ved italiensk verft

Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av skipsdesign og utstyr til to offshore supplyfartøy av typen UT 755 XL for britiske Gulf Offshore North Sea Ltd, ein del av GulfMark Offshore Inc. Kontrakta er verdt om lag NOK 90 millionar for Rolls-Royce.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei to fartøya med eit dekksareal på 750m2 skal byggast ved det italienske skipsverftet Rosetti Marino SpA i Ravenna, og skal vere klare til levering i 2013 og 2014. I tillegg ligg det inne opsjon på ytterlegare eit fartøy av samme type.
- Rosetti seglar opp som eit av dei viktigaste verfta for bygg av denne typen tonnasje, og det er hyggeleg å kunne vere med på å gjere dei konkurransedyktige i eit land der denne industrien opplever nedgangstider, seier Hans Robert Almestad, regionsalgssjef i Rolls-Royce.
Med denne kontrakta er Rosetti si portefølje oppe i 10 båtar av Rolls-Royce design på kort tid.
- Saman skapar Gulf Offshore, Rosetti og Rolls-Royce verdifulle synergiar som resulterer i eit konkurransedyktig fartøy levert i henhold til Gulf Offshore sine spesifikasjonar, seier verftsdirektør Cecario Mondelli, ved Rosetti Marino SpA.
Rolls-Royce skal i tillegg til skipsdesign levere mykje av ustyret om bord, inkludert framdriftssystem og thrusterar, dekksmaskineri, bulkhandteringssystem og automasjonssystem. Dei to fartøya vil ha ei dødvekt på 3000 tonn, dynamisk posisjonering (DP2) samt utstyr for brannsløkking.
- Vi er svært glade for at ein slik stor og viktig aktør i offshore industrien no kjem tilbake til oss, og bestiller meir av dette populære designet. Gulf Offshore North Sea Ltd. er også operatør av Fratelli D’Amato si flåte av åtte UT 755, alle bygde ved Rosetti, og dei kjenner dermed både produkta våre og designet vårt særs godt, seier Almestad.
Etter ferdigstilling skal fartøya på oppdrag i Nordsjøen saman med resten av flåten av UT 755 som Gulf Offshore North Sea Ltd. opererer.