Nye kviletidsreglar til sjøs

Nærings- og handelsminister Trond Giske. Foto:Regjeringen
Nærings- og handelsdepartementet har i dag lagt fram eit lovforslag om å endre reglane om kviletid til sjøs.

– Vi må styrke sjøfolk sine arbeids- og levevilkår og helse både globalt og internasjonalt. Då vil også sjømannsyrket bli enda meir attraktivt. Dette lovforslaget inneber at mange sjøfolk får lengre kvileperiodar om bord og hjelper dermed til å oppnå dette formålet. I tillegg vil meir utkvilte sjøfolk styrkje sjøtryggleiken, seier statsråd Trond Giske.

Sjøfolk skal ha 10 timars kvile per døgn, men etter gjeldande reglar i lov om skipstryggleik § 24 kan dette reduserast til seks timar. Lovforslaget medfører at reiarlag ikkje lenger kan påleggje sjøfolk med tryggingsoppgåver ei arbeidsordning som inneber mindre enn 10 timars dagleg kvile. Det er foreslått eit unnatak for visse skip i nær kystfart.

Norske styresmakter og sjømannsorganisasjonane var pådrivarar for at FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO, fastsette internasjonale reglar som innskjerpar høvet til å redusere den daglege kviletida til sjøfolk i 2010. Reglane er fastsette i den såkalla STCW-konvensjonen/STCW-koden.

Her kan du lese stortingsproposisjonen:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/regpubl/prop/2011-2012/prop-11-l-20112012.html?id=662484