Ny industristandard for trålarar

Nordic wildfish lanserar EcoFiveä – ECO friendly Fishing VEssel – eit banebrytande konsept som skal bidra til å sikre berekraftig utnytting av verdens tradisjonelle og utradisjonelle fiskeressursar.

Nordic wildfish er klare til å kontrahere, men legger også opp til at andre skal kunne ta i bruk konseptet.

– Utvikling og verifisering av EcoFiveä er eit bidrag til at norsk forsking, og maritim- og marin næring opprettheld sin verdsleiande posisjon, seier dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic wildfish i ei pressemelding.

Tore Roaldsnes på scenen under Verftskonferansen 2016. Foto: Andrea Bærland
Tore Roaldsnes på scenen under Verftskonferansen 2016. Foto: Andrea Bærland

Nordic wildfish ser gjerne at andre reiarlag og verfts- og utstyrsindustrien gjer seg nytte av forskingsresultata og teknologien for tilsvarande nybygg.

– Med EcoFiveä tilbyr vi ein ny industristandard for trålarar, seier Roaldsnes.

Trålardesignet under EcoFiveä-konseptet oppnår 30 prosent lågare energiforbruk ved at skrog og propellsystem er optimalisert for tråling i låg fart (tauekondisjon), at ein kan ta i bruk flytande naturgass (LNG – Liquid Natural Gas) som drivstoff i staden for diesel, og 30 til 40 prosent lågare energikostnad.

I tillegg til energieffektivitet, driftssikkerhet og miljø, handlar EcoFiveä også om å sørge for minimal kvalitetssvekking av råstoff, 100 prosent ressursutnytting og differensierte kvalitetsprodukt.

– Sett ifrå eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil skalering av prosjekterfaringane bidra til å møte samfunnsutfordringar som global under- og feilernæring, berekraftig matproduksjon, og utslepp av klimagassar, avsluttar dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic wildfish.