Norled omdisponerer ferjeflåten – skaper lokal irritasjon

Ei av fergene som vert omdisponert er "Gloppen".

Norled kjem på ettersommaren til å omdisponera ferjeflåten sin, men omdisponeringa irriterer ordføraren i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø.

– Me blei orientert av Skyss om at dei og Norled hadde ein diskusjon kring eit slik byte som no skal gjerast. Me sa klart i frå om at me har er negative til dette. Det er bra at kapasiteten går opp, men at det betyr eldre fartøy og dårlegare fasilitetar er me i mot. Dette kjem me til å målbera til fylkeskommunen igjen, seier Peder Sjo Slettebø til avisa Grenda.

– Kvinnherad er ein turistkommune, og då betyr det noko at me har salong med kiosk oppe, kontra sjølvbetjening i salong under dekk. Men dette er fylket sitt ansvar, og det er dei som tar avgjerda, seier Slettebø til avisa.

Endringar

I dag blir Gjermundshamn – Årsnes trafikkert av MF «Vikingen», som har ein kapasitet på 86 bilar og 399 passasjerar. Ho blir frå august av erstatta med MF «Etne», som sluker 95 bilar og 575 passasjerar.

– Me har blitt einige med Skyss om nokre nye disponeringar av ferjemateriellet vårt. Jondal – Tørvikbygd blir trafikkert av MF «Gloppen» i sommarhalvåret og MF «Etne» i vinterhalvåret. Gjermundshamn – Årsnes blir trafikkert av «Etne» i sommarhalvåret og «Gloppen» på vinterstid, altså motsett av Jondal – Tørvikbygd. I tillegg får me MF «Vikingen» som stor reserveferje i Hordaland og Rogaland, skriv Inge André Utåker, regionssjef for ferjer i Norled, i ein e-post til avisa Grenda.