Noreg attvalt til IMO sitt råd

Statssekretær Rikke Lind
Noreg blei fredag 25. november attvalt som medlem av rådet i FN sin sjøfartsorganisasjon IMO.

Valet fann stad under generalforsamlinga til Den Internasjonale Maritime Organisasjonen (IMO) i London i dag. Rådet er det øvste organet under generalforsamlinga i IMO og avgjer IMO sine prioriteringar og arbeid. Her sit land med spesielt store interesser innan skipsfart, blant anna Japan, Hellas, Kina og USA, saman med Noreg. Nærings- og handelsdepartementet leier den norske delegasjonen til IMO si generalforsamling. Noreg deltek aktivt på alle nivå i arbeidet til organisasjonen.

-Det er gledeleg at Noreg er attvalt i IMO sitt råd. Noreg speler ei aktiv rolle i regelverksutviklinga i IMO og trekkjer på kompetansen i heile den norske maritime klyngje i arbeidet. Norske reiarlag og utstyrsleverandørar er verdsleiande innan fleire sektorar, og dette er ein styrke i arbeidet med utvikling av reglar, seier statssekretær Rikke Lind.

Lind deltok på generalforsamlinga og fokuserte i talen sin blant anna på utviklinga i nordområda og det pågåande arbeid i IMO med å utarbeide bindande reglar for segling i polare farvatn. Noreg er oppteke av å få ein polarkode som dekkjer både tryggleik og miljø. Det er viktig for å sikre at design og utstyr er eigna for operasjon i polare farvatn og at miljøomsyn blir adressert på ein skikkeleg måte.

DEL