M/S «Windea la cour»

Et spesielt skip – med baug i begge ender. Foto: SjimpHansen Media

Då Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) og klienten deira, Siemens, i 2015 kontraherte eit vindstøttefartøy frå Ulstein Verft, såg dei fordelen av å ha skipdesignarane og byggjeverftet på éin stad. No er fartøyet, byggenr. 309, ferdigstilt, og vart levert 23. juni 2016. Dåp var i Hamburg 30. juni.

Nybygget har Hong Kong selskapet Smart Orient Ltd. som eierselskap. Det er det tredje skipet Siemens chartrer for sine vindmølle støttefunksjoner offshore. Nybygget skal betjene det nederlandske Gemini vindmølle feltet i Nordsjøen. De to andre er M/S «Esvagt Faraday», som betjener  Butendiek vindfarmen i Nordsjøen, og M/S «Esvagt Froude», som betjener EnBWs Baltic II vindpark i Østersjøen. Et fjerde fartøy – bnr. 310 frå Ulstein Verft som søster til «WIndea la cour» – til  er i loopen med levering i februar neste år, dette for Sandbank og Dan Tysk feltene.

– Vi vurderte fleire verft over heile verda, men Ulstein Verft var vårt endelege val. Vi såg fordelen av å ha skipsdesignselskapet og verftet på éin stad. Ulstein har også den same tilnærminga som vi har – å alltid strekkje seg litt lenger for å glede sluttkunden, seier Matthias Müller, adm.dir. i Bernhard Schulte Offshore GmbH.

– Saman har vi utvikla ei fleksibel og effektiv skipsløysing for offshore vindservicemarknaden, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og leiar for marknad og innovasjon i Ulstein Group. – Prosjektframdrifta har vore god, og kombinasjonen av dei kompetansane som ligg i dei ulike selskapa har ført til fruktbare diskusjonar. Vi er glade for at vi til avtalt tid leverer dette nyutvikla vindstøttefartøyet, og er sikre på at det kjem til å gjere ein god jobb for BS Offshore og Siemens.

M/S «Windea la Cour» fører Gibraltar flagg og er klasset til DNV GL med følgende notasjoner: +1A1, SF, E0, Offshore Service Vessel, DYNPOS-AUTR, CLEAN DESIGN, Recyclable, COMF-V(3) C(3), DK(+), BIS, NAUT-AW, LCS-DC, BWM-T, HELDK

M/S «Windea la cour» ble døypt i Hamburg den 30. juni 2016. Foto: Siemens
M/S «Windea la cour» ble døypt i Hamburg den 30. juni 2016. Foto: Siemens

Om bord
Under prøveturen kommenterte det komande mannskapet skipet sine rolege rørsler og svært lave nivå av støy og vibrasjonar. Alt dette er viktige faktorar til eit skip som har som ei av sine hovudoppgåver å transportere serviceteknikarar til Gemini Offshore Wind Park, 85 kilometer nord for den nederlandske provinsen Groningen og ein fem-timars tur frå land.

Det nye hekkdesignet X-STERN bidreg til skipet sin fleksibilitet. Skrogdesignelementa X-STERN og X-BOW aukar operabiliteten gjennom positive effektar på å halde posisjon, bølgjerespons, komfort og sikkerheit, og gir redusert effekt og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjon). På prøveturen greidde skipet å halde god fart både framover og bakover, og det er lett å manøvrere begge vegar. Fartøyet er utstyrt med to variantar av korleis teknikarane skal kome seg over til vindturbinane – eit integrert Uptime hivkompensert gangbrusystem og eit dotterfartøy med kapasitet på 10 personar.

Lastekapasiteten er godt utnytta. Reservedelar og utstyr kan bli transporterte i konteinarar, seks på dekket og seks under dekket. Skipet har gode verkstadsfasilitetar. Innreiinga er for 60 personar i enkeltlugarar, av desse er 40 tileigna teknikarar.

Redningssystemet omfatter bl.a. en hurtiggående FCR, en arbeidsbåt og seks redningsflåter a 35 personer – tre på hver side.

Elektrisk framdriftssystem
Det elektriske framdriftssystemet BLUEDRIVE PlusC frå Siemens senkar driftskostnadene ved å kutte motortida på nominelt turtal og redusere talet påkravde elektriske komponentar. Utsleppa er reduserte ved å optimalisere forbrenninga.

Hovudframdriftssystemet er levert av Rolls-Royce og består mellom anna av to azimuth thrusterar, kvar av desse drivne av ein frekvensstyrt elektrisk motor med variabel hastigheit. Ein nedsenkbar azimuth thruster er på 850 kW, mens to sidethrusterar framme kvar 1200 kW også er installert. Pon Power har levert 4 stk. hovudmotorane kvar på 1700 ekW v/1700 o/min og SCR system. En nødgenerator er på 240 ekW.

Marine Technologies har levert IAS, DP2-systemet, samt Integrrated Bridge System (IBS). Offshore og gantry kraner og daviter er frå RedRock Marine. Ulstein Power & Control har supplert ULSTEIN COM, switchboards og CCTV. Arbeidsbåt er levert av Tuco Marine Group, mens HVAC er en Aeron leveranse. Heilkopterdekket er frå Maritime Products, pumper er frå Allweiler og Mare Safety har levert bysse, MOB båt, redningsflåter og daviter.

210 - Caption 4, if spaceHoveddata

Lengd oa …………………………… 88,00 m

Lengd pp ……………………………78,30 m

Breidde ……………………….. 18,00 m

Dybde h.dk. ………………….. 8,00 m

Djupg. maks ……………………. 6,4 m

Dødvekt …………………….. 3150 t

Hastigheit:

Fart framover …………………. 13,9 kn

Fart bakover …………………….. 12,1 kn

Overnatting …………………… 60 pers.

Lastedekksareal …………….. 380 m2

DP …………  IMO klasse II (DYNPOS AUTR)

 

DEL