LNG-drive skip sjøsett på Kleven Verft

Laurdag 19. november vart det LNG-drivne fartøyet Viking Prince sjøsett frå beddingen på Kleven Verft. Frå skrogmodulane kom til fartøyet er ferdig samanstilt på bedding har det kun gått knappe åtte veker.

Kleven Maritime er den leiande leverandøren av gassdrivne fartøy, med fem fartøy levert, og tre nye i ordreboka, inkludert Viking Prince. Eidesvik Offshore og Kleven Maritime var saman pionerar ved bygginga av verdas fyrste gassdrivne supplybåt, Viking Energy, i 2003.
Viking Prince skal leverast i mars 2012. Det neste LNG-fartøyet frå Kleven Verft vert søsterskipet til Viking Prince, som skal leverast i september 2012. I tillegg skal verftet bygge eit LNG-drive fartøy for Rem Offshore, og dette skal leverast om eit drøyt år.

Dødvekta er på heile 6 500 tonn, lengde 90 meter, breidde 21 meter, dekksarealet er på over 1 050 m2. Dei miljøvenlege LNG dual fuel motorane sikrar lave utslepp av NOX og reduserte utslepp av CO2. I tillegg er fartya utrusta med reinsesystem for ballastvatn, som er eit komande miljøkrav for denne type farty.

Kleven Maritime har ein ordrereserve på 10 skip til ein samla verdi på i underkant av 4 milliardar kroner.

DEL