Kleven Maritime har inngått kontrakt med Meling Supply AS

Illustrasjon:Kleven Maritime
Meling Supply AS kontraherar eit fleirbruks plattformservicefarty ved Kleven Maritime. Levering vert i februar 2011.

Kleven Maritime har inngått kontrakt med Meling Supply AS om utrustning av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design VS 485, designa av Wärtsilä Ship Design Norway. Meling Supply AS er eit dotterselskap i reiarlaget O. H. Meling & Co. AS i Stavanger. Fartyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken, leveringsdato er sett til 28. februar 2011. Dette er tredje kontrakten til Kleven Maritime innan kort tid av same type design.

For Kleven Maritime er det særleg gledeleg at Meling-reiarlaget kjem attende, etter to tidlegare kontrakter ved Kleven Verft. I mars 2004 vart fartyet ”Siddis Skipper” levert til reiarlaget, og i desember 2006 vart Siem Mariner levert (i eit samarbeid mellom Meling og Siem).

”Dette er ein gladdag for Myklebust Verft og Kleven Maritime. Kontrakten vil skape god aktivitet i ein periode før den neste nybyggingskontrakten (Prestfjord) skal ferdigstillast ” kommenterer konsernsjef Ståle Rasmussen.

For reiarlaget er dette også ei gledeleg hending: ”Relasjonane mellom Meling og Kleven har vore gode gjennom mange år, og for oss er det flott å kome attende med eit nytt prosjekt” seier administrerande direktør Olav H. Meling i O.H. Meling & Co. AS.

Fartyet representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikkre plattformservicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartyet vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC – NOFO) vil auke attraktiviteten i marknaden. Dødvekta er på om lag 4 500 tonn, lengda 88 meter, breidda 20 meter og dekksarealet er på knapt 1 000 m2. Fartyet har stor innreiing med plass til 64 personar og skroget er førebudd for montering av kran og helikopterdekk.

Wärtsilä leverer design, automasjon og elektriske system. Kontraktane vil også medføre store leveransar frå mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske Teknikk og Rolls-Royce Marine.

Prosjektverdien er på NOK 375 mill. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på 5,3 mrd.

DEL