Ill.foto: "Island Venture", bnr. 302 fra Ulstein Verft, under utdokking. Foto: Ulstein Verft

Island Offshore samde med dei tilsette om lokal særavtale

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Island Offshore har blitt samde med sine tilsette i Island Offshore Management AS om ei lokal særavtale som omfattar midlertidige reduksjonar i løn for alle tilsette.

- Vi er stolte og letta over å ha komt fram til ei avtale med folka våre. Dette viser handlekraft og styrke blant tillitsvalte og tilsette, og er med på å sikre norske arbeidsplassar, noko som er veldig viktig for oss, seier adm.dir. i Island Offshore, Håvard Ulstein.

Marknadsutsiktene er svært svake for OSV-flåten, og dette påverkar alle fartøya, uavhengig av kontraktssituasjonen til det enkelte fartøy. Avtalen som er inngått har ei varigheit på eitt år frå 1. januar 2016, og skal sikre konkurransekraft og nødvendige kostnadsreduksjonar til å stå gjennom det komande året. Avtalen inneber også at Island Offshore har høve til å innføre 5/5 ordning på enkelte av båtane i Nordsjøen, samt 6/6 ordning på fartøya som opererer sør for Brest.

- Island Offshore er det offshorerederiet som har flest fartøy på NOR-flagg. Dette er vi veldig stolte av, men vi var no komne i den situasjonen at dersom vi ikkje kom fram til ei løysing som innebar vesentlege kostnadsreduksjonar for flåten, så ville vi måtte flagge ut fleire av båtane. Det er difor svært gledeleg at vi no er samde om dette kollektive tiltaket for dei seglande og kan oppretthalde NOR-flagget, samt halde flest moglege fartøy i drift, seier Ulstein.