Visekonsernsjef Tore Ulstein, professor Hans Petter Hildre og konsernsjef Gunvor Ulstein ved årsskiftet 2008/2009 då det vart kjent at Ulstein Group dekkjer utgiftene med eit professorat retta mot krevjande marine operasjonar ved Høgskolen i Ålesund i fe

Investerer i framtida

Ulstein Group har siste tida investert nærare 200 millionar kroner i nye satsingar. Det vert satsa på kompetansebygging, gåveprofessorat og ulike forskings- og innovasjonsprosjekt, medan Ulstein Verft får ny beltekran og utvida djupvasskai. - Det er i nedgangstider det er viktig å investere i framtida, kommenterer visekonsernsjef Tore Ulstein.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi er del av ei maritim klynge, og ser det som viktig å satse på FoU (Forsking og Utvikling), og utvikling av kompetanse i regionen. Vi har difor mellom anna valt å gå inn og finansiere eit professorat ved Høgskolen i Ålesund i fem år, seier Ulstein, og held fram: - Vi samarbeider med Høgskolen i Molde der vi får disponere ein logistikkprofessor i utviklingsarbeidet vårt, og vi leiger også ein doktorgradsstipendiat til å jobbe med kompetanseutvikling og følgje opp FoU- og innovasjonsprosjekt. Arbeidsmetodar som får ned kostnadene i alle ledd, og gjer at ein arbeider meir effektivt og kan handtere større volum, er med og betrar konkurranseevna vår og gjere oss meir attraktive for kunden, fortel han.
Verdiskaping for kunden
- Kundane står i fokus, og det er viktig å kome fram til tenlege løysingar på korleis vi kan auke verdiskapinga i næringa. Samla set vi av om lag 100 millionar kroner årleg til innovasjon og nyutvikling, dette er midlar som mellom anna blir brukt til utvikling av nye fartøystypar, eller løysingar som hjelper kunden å auke si verdiskaping, samtidig som ein kan redusere utslepp og skadeverknader på miljøet, seier han.
Posisjonerer for neste oppgang
Meir enn 80 millionar kroner er investert i verftsutbetringar: - Vi er inne i ein mellombels tørkeperiode når det gjeld nye kontraktar, i ei slik tid har vi pusterom til å gjere investeringar som støttar oss i arbeidet på lang sikt. Ved å nytte nedgangstida godt, er vi godt førebudde for neste oppgang, avsluttar Tore Ulstein.

Den største enkeltsatsinga i Ulstein Verft er ei ny beltekran frå Terex som kan løfte 600 tonn. Kranbommen (løftearma) er på heile 96 meter. - Så vidt ein kjenner til, er det ikkje andre på Vestlandet som har ei kran med så stor løftekapasitet, fortel avdelingsleiar for service og ettermarknad Håkon Langeland i Ulstein Verft. - Ved å investere i denne krana kan vi ta på oss mange fleire ettermarknadstenester, som løft, skifting og oppmontering av utstyr. Ved å flytte krana på lekter vil vi kunne bistå med tunge løft, både ved verft og anna type verksemd der stor krankapasitet er naudsynt, og vi vil kunne utføre løft offshore, fortel han. Det er også i gang arbeid med ei 122 meter lang djupvasskai ved verftet. - Innan hausten skal kaia stå ferdig, ei viktig investering i høve til meir båtplass, og ved mobilisering av båtar og utstyr, seier Langeland. Det skal også byggast ny rørverkstad på 1100 m2, og to kontorfløyer for leverandørar, reiarlag og verftet.