Idar Ulstein fekk OSJ sin heiderspris

Idar Ulstein har fått tildelt utmerkinga ”Lifetime Achievement Award” frå Offshore Support Journal.
Idar Ulstein frå Ulstein Group vart 17. februar tildelt utmerkinga ”Lifetime Achievement Award” frå Offshore Support Journal.

Utmerkinga ”Lifetime Achievement Award” går til ein enkeltperson som gjennom heile livet har gjort ein særskilt og viktig innsats for offshore support fartøysmarknaden. Prisen vert delt ut på den årlege OSJ-konferansen i London.

– Eg er svært glad og audmjuk over å ha fått prisen, og ynskjer å dele prisen med alle som arbeider eller tidlegare har arbeidd i Ulstein Group, seier Idar Ulstein. – Utan dei hadde ikkje Ulstein Group kunna utvikle seg slik selskapet har gjort, frå reparasjonar av fiskebåtar i 1917, til dagens bedrift som arbeider med høgteknologi og innovasjon, forsking og utvikling innan områda skipsbygging, design og power & kontroll.

Eit panel samansett av medlemer med maritim bakgrunn vel ut kven som får prisen. I panelet sit Erik Haakonsholmt i STX Europe, Børge Nakken i Farstad Shipping, Arnstein Eknes i DNV, Ian Coates i Derrick Offshore, Neil Patterson i Offshore Ship Designers, Ian Giddings i IMCA, og David Foxwell og Mike Porter som representerer prisutdelaren Offshore Support Journal.

Sjå Idar Ulstein sin takketale på Ulstein Group si heimeside (www.ulsteingroup.com)

DEL