Sachin Thomas Abraham, serviceingeniør (f.v), Alex Rijksen, operativ leiar - Midtausten, Tommy Hivand, regiondirektør – AMEI, og Harish Shastry, salssjef, får nytt kontor i servicestasjonen. - Ved å samlokalisera sals- og servicefunksjonane våre i Dubai, vil vi kunna tilby kundane i denne regionen eit fullverdig og heilskapleg Harding-kontor, seier Hivand. Foto: Harding

Harding etablerer ny servicestasjon i Dubai

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Harding styrkjer verdas største servicenettverk med etableringa av ein ny servicestasjon i hjarta av den maritime næringa i Dubai. – Målet er å gi kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på servicetenestene, seier regiondirektør Tommy Hivand.

Etter å ha brukt ein lokal samarbeidspartnar som leverandør av servicetenester til Harding sine kundar i Midtausten sidan 2006, har Harding no etablert sin eigen, topp moderne servicestasjon i Dubai.

- Harding er ein produkt- og serviceleverandør med lang erfaring og høg kompetanse innan maritimt livredningsutstyr. Ved å ta hand om servicearbeidet sjølv , i eigen servicestasjon med eigen ekspertise, ønskjer vi å gi kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på tenestene dei får hos oss. Investeringa viser at Midtausten er ein viktig marknad for Harding, og at vi er langsiktige i vår satsing i regionen, seier Tommy Hivand, regiondirektør for Afrika, Midtausten og India.

Tett på kunden

Servicestasjonen er lokalisert i Dubai Maritime City, sjølve hjarta i den maritime næringa i regionen. Her kan Harding tilby eit rundt 1000 kvadratmeter stort verkstadlokale med topp fasilitetar for alle typar serviceoppdrag på livbåtar og davitar. Verkstaden vert mellom anna utrusta for å gjera skrogreparasjonar, målearbeid og livbåttesting i basseng, og vil også fungera som base for serviceingeniørar som dreg rundt i regionen på inspeksjonar og idriftsetjing av nye utstyrsleveransar.

- Lokaliseringa plasserer oss tett på kundane i ein veldig aktiv region. Stasjonen ligg nær mange verft som leverer nybygg og skipsservice i Dubai, og har ei strategisk plassering i høve den store olje- og gassrelaterte skipstrafikken i regionen. Samstundes ligg nyetableringa svært gunstig til i høve alle skipa som trafikkerer handelsrutene mellom Austen, Afrika og Europa. For internasjonale kundar som nyt godt av Harding sitt globale serviceprogram, blir stasjonen i Dubai endå eit potensielt servicepunkt i vårt verdsomspennande nettverk, framhevar Hivand.

I starten vil Dubai-stasjonen utføra service på Harding-utstyr, men etter kvart vil Harding også kunna tilby tenestene til kundar med livbåtar og davitar frå andre produsentar.

Sal og service under eitt tak

Sidan 2011 har Harding også hatt eit salskontor i Dubai. Dette kontoret blir i løpet av året flytta til den nyetablerte servicestasjonen.

- Midtausten er ein viktig marknad for sal av nytt Harding-utstyr, og vi har på få år opparbeidd oss ein sterk posisjon som ein av dei leiande produktleverandørane i regionen. Ved å samlokalisera sals- og servicefunksjonane våre i Dubai, vil vi kunna tilby kundane i denne regionen eit fullverdig og heilskapleg Harding-kontor, seier Hivand.