Stolte prisvinnare.

Fekk teknologipris i London

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Under den internasjonale skipskonferansen Marine Propulsion som no har vore i London denne veka, vann STADT prisen i kategorien Elektriske System 2015.

Det vart utdelt prisar i 7 kategoriar, og STADT var einaste norske prisvinnar. Hallvard Slettevoll, CEO i STADT, ser på denne prisen som ei viktig stadfesting frå marknaden om at dei har lukkast godt med den patenterte No-Loss elektriske framdriftsteknologien sin.

Hallvard Slettevoll og Nora Longum var til stades under prisutdelinga og mottok prisen på vegne av STADT AS.