Design nummer 50 frå Ulstein levert

Neptune Larissa
IMR-/konstruksjonsskipet Neptune Larissa av designtypen SX130 vart levert frå Zhejiang Shipbuilding Ltd til det Fosnavågbaserte reiarlaget Neptune Offshore 15. november. Skipet er nummer 50 som er designa av Ulstein.

Om lag samstundes med at skipet vart levert, vart det kjent at selskapet Reef Subsea AS har underteikna to femårskontraktar på dette skipet og systerskipet Neptune Despina, som vart levert 27. oktober. Skipa endrar med det namn til Reef Larissa og Reef Despina.

Ulstein introduserte i 2000 ein ny generasjon skipsdesign, som mellom anna inkluderer design med den særprega X-BOW-skroglinjeforma. Av dei 50 skipsdesigna som er levert er 27 med X-BOW og 23 med konvensjonell design.