Første seismikkfartøy med STASCHO
MS «Sanco Star» vert det første seismikkfartøyet som tek i bruk den nyutvikla STADT-teknologien STASCHO, ei støyfri dieselelektrisk løysing som STADT AS i Gjerdsvika har jobba med å utvikle dei siste fire åra.
Dagleg leiar i STADT AS - Hallvard Slettevoll framhevar at det for eit avansert forskningfartøy som MS «Sanco Star», vil det vere ein stor fordel med det nye systemet, då ein heilt har eliminert all type støy frå det elektriske anlegget ombord. Dette er ein revolusjonerande teknikk som ein lenge har drøymt om , og som mellom anna gjer at verftet ikkje har trengt å ta hensyn til EMC-problematikk i form av skjerma kablar og distansar mellom det diesel-elektriske systemet og følsomt anna teknisk utstyr ombord, som t.d. det seismiske lytteutstyret.
Systemet er eit heil-elektrisk system, d.v.s. at all energi ombord i skipet går via generatorsett og hovedtavle - 690 V. Dette gjev den høgste form for energifleksibilitet ombord, og vil vere med på å minimalisere både oljeforbruk, forurensing og akkustisk støy.
At STADT STASCHO-systemet attpåtil er ei kompakt løysing med svært høg virkningsgrad, var i tillegg til totalkostnadane avgjerande for at systemet vart valgt.
Til dette prosjektet har STADT AS hatt totalentreprise på heile det elektriske framdriftssystemet, frå hovedtavle og til og med dei store SCHORCH elektromotorane ( 2 x 2500 kW ) som driv propellane og sidepropellane om bord. I tillegg har ein prosjektert og levert turtalsregulering av dei store seismikk-kompressorane på 2 x 1100 kW.
STADT AS skal levere tilsvarende system til neste bygg ved Vågland – MS «Sanco Spirit» . Ut over dette skal det no leverast til nyutvikla heilelektriske fiskebåtar. Ut over dette har Slettevoll stor tru på at det nye systemet etter kvart vil få innpass i mange typar skip.

















Skriv en kommentar